Skrivekunstakademiet i Hordaland driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Vi har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av våre studentar har debutert som forfattarar. Vi gjev undervisning i dei ulike skjønnlitterære sjangrane. Det er i hovudsak forfattarar som underviser, for tida fire faste lærarar i tillegg til ei rekkje gjestelærarar. Undervisninga legg vekt på det praktiske skrivearbeidet, og særleg på den einskilde student sine eigne tekstar. Akademiet er lokalisert i Kulturhuset USF (Verftet) på Nordnes, eit bygg som huser mange kulturverksemder og kunstnarar innan ulike fagområde. I tillegg finn ein kafé, filmklubb, konsertlokale, visningsrom og teatersal i bygget. Skrivekunstakademiet blei skipa i 1985, av forfattaren Rolf Sagen og Hordaland fylkeskommune, som finansierer institusjonen. I styret sit representantar frå fylkeskommunen, Universitetet i Bergen og Den norske Forfatterforening. Skrivekunstakademiet i Hordaland er ei stifting som har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur. Årsstudiet er gratis, og er godkjend som høgare utdanning av NOKUT. Fullført utdanning gjev 60 studiepoeng. Ein kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse for utdanning
At borealis:
Biblioludium – Skrivekunstakademiet
Friday
17:00
| Friday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| Sunday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| Tuesday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| Wednesday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| 17:30 | Tanja Orning | Christopher Fox,Morten Feldman,Klaus K. Hübler ,Maja Ratkje,Tanja Orning | Concert/performance | Odda – Norsk Vasskraft og Industrimuseum | |
| Thursday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| Friday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |
| Saturday | |||||
| Tid | Navn på event | Artist | Type event | Sted | Billettpris |